Start din karriere som lærling hos oss – vi gir deg moglegheita til å vokse

Lærling i Ramsdal Maskin

Gjennom åra som har gått har vi hatt over 30 lærlingar og det er tatt over 50 fagbrev i Ramsdal Maskin.

Ramsdal Maskin er godkjent lærebedrift innan:

  • Anleggsmaskinførarfaget
  • Fjell- og bergverksfaget
  • Vei- og anleggsfaget
  • Yrkessjåførfarget
  • Anleggsgartnarfaget
 

Ramsdal Maskin har som mål å ta inn ein- til to lærlingar kvart år. Vi ønskjer særleg å satse på lokal ungdom som ønskjer å vere med å bidra til vår utvikling.

For å kvalifisere for to-årig læreløp må du ha gjennomført utdanning på vidaregåande skule innan relevant fag. Det finnast i tillegg moglegheiter for å gjennomføre læretida på 3 år om du ikkje tilfredstiller utdanningskravet for to-årig læreløp.

For å bli lærling hos oss ønskjer vi å bli betre kjent med deg før søknaden kjem. Utplassering gjennom utdanningsløpet er ein ypperleg moglegheit for begge partar å bli kjent!

Gjennom vårt medlemskap i OKAB (opplæringskontor for anlegg- og bergfag) sikrar vi at du som lærling får den nødvendige teoretiske undervisninga og pålagde oppfølginga – samstundes som du får den praktiske læringa hos oss.

Søk om å bli lærling i Ramsdal

Vi har kun open søknad for lærlingar. Skal du ut i lære, ta kontakt med oss i Ramsdal Maskin med ei presentasjon av deg sjølv, så vil vi kontakte deg om dette blir aktuelt for oss.